KJARTAN LAURITZEN DRUSAR JOSAH ARMCHAIR ORACLES THE KNUT
STONEBRICK
CHIVAS
CHIVAS klar for Havgaprock Første bandpresentasjon for Havgaprock 2018 er klar, og det er litt av ein artist me har klart å huke tak i! Dei lokale heltane i Chivas er klare for fest! Me har altså klart å få til ein heilt spesiell "One night only"-opptreden frå sjølvaste CHIVAS! Dette bandet var for ei tid tilbake veldig populære her i lokalområdet, og stadig blir det lytta til dei heftige songane deira på Spotify. Chivas spelar ein tight rock med ruvande gitarriff som kan trollbinde dei fleste. Chivas er kjend i lokalområdet som eit band som leverar til dei grader når dei går på scena, og no er dei samla for å gi oss eit siste, uforgløymeleg show! Dette kjem til å bli ein ekstremt populær konsert, så ikkje gå glipp av dette! Havgaprock er utruleg stolte og glad for å ha Chivas i 2018-lineupen! Chivas består av: Frank Ulla- Bass Stian Haram - Gitar/Solo Gitar/Vokal Hans Jørgen Hjelle - Gitar/vokal Egil Andreas Davik - Vokal Arne Martin Harnes - Trommer

 

CHIVAS
Havgaprock 30. Juni Frank Ulla Stian Haram Hans Jørgen Hjelle Egil Andreas Davik Arne Martin Harnes