KJARTAN LAURITZEN DRUSAR JOSAH ARMCHAIR ORACLES THE KNUT
STONEBRICK
CIRCUS MAXIMUS
Noregs beste progrock-band klare for Havgaprock! Me er utruleg stolte av å kunne introdusere det me i Havgaprock meinar er Noregs beste progrock-band, nemleg Circus Maximus til årets festival. Circus Maximus er eit band med som har eit breidt spekter å spele på. Med ein vokal ut av ei ann verd, akkompagnert av saftige, melodiske riff og perkusjon som ein kjem til å merke godt på kroppen, trur me dette kjem til å bli den beste konsertopplevelsen på øyane i nyare tid. Circus Maximus har spelt konsertar over heile verda til fantastiske anmeldelsar over heile linja. I år skal dei spele på Swedenrock (33.000 selde billettar) og tidlegare har dei haldt konsert i Japan til over 30.000 i publikum, og no skal dei altså til Havgaprock! Dette gler me oss til! Circus Maximus består av Michael Eriksen, Mats Haugen, Truls Haugen, Lasse Finbråten og Glen Cato Møllen. Saman har dei gitt ut 5 album, der det nyaste var "Havoc in Oslo" som kom i 2017. Me håpar at alle kjenner si besøkelsestid og kjem for å høyre på Circus Maximus, for dette blir årets konsertopplevelse!

 

CIRCUS MAXIMUS Havgaprock 30. Juni 
Michael Eriksen Mats Haugen Truls Haugen Lasse Finbråten Glen Cato Møllen