ISAK SHORTY
ISAK SHORTY 


Isak Shorty klar for Havgaprock! Havgaprock kan stolt meddele at årets vinnar av musikkprisen 2018 kjem til årets festival! Isak Shorty, eller Isak Kvamme som han heiter, er både eit kjent og ukjent artistblad. Han er ein relativt fersk hiphop-artist, men han har allereie bygd seg opp ei solid fanskare blant jamnaldrande ungdom i distriktet. Det var nettopp denne populariteten, og dei mange oppmodingane om å invitere han til festivalen som fekk augene opp for oss i Havgaprock. Talentet til denne karen er enormt, noko sigeren i årets musikkpris kan vitne om. Med seg på scena på Ulla vil han ha med seg hypeman og kamerat Halvard Ivarjord, og saman kjem dei til å skape god stemning i havgapet. Med dette fortsett me tradisjonen med bredde i festivalprogrammet som no har både rock og hiphop. Me i Havgaprock gler oss veldig til å sjå Isak Shorty under Havgaprock på Ulla, 30. Juni!

 

ISAK SHORTY Havgaprock 30. Juni Isak Kvamme Halvard Ivarjord