HAVGAPROCK
Bjørnar Levi Flem, Per Olav Sunde, Vegard Halkjelsvik og rockegeneral og grunnleggar, Preben Lorgen I 2016 såg Havgaprock dagens lys for første gong. Preben Lorgen hadde lengje gått å tenkt på at å ikkje arrangere eit stort musikkarrangement her ute på øyane, som i våre auger er verdas finaste plass, er ei skandale. Difor sette han seg ned og la ein slagplan. I starten var det berre idémyldring, men det skulle fort gå over i praktisk arbeid. Med seg på laget fekk han dei gode kameratane Bjørnar, Per Olav og Vegard, og dermed var festivalteamet sett. Det meste vart gjort på kort tid i dei få månadane fram mot juli, og det vart lange kveldar og tidlege morgonar, men den 7. juli 2016 vart den første Havgaprock arrangert i Sandvika på Flem. Det vart ein gedigen suksess, noko som gav meirsmak til festivalgjengen. Me er ein stor gjeng kameratar som jobbar saman for å få til alt dette, og i tillegg til hovudgjengen som du ser på biletet, er også Henrik Åkre, Håkon Longva Haram, Demir Haram, Peter Aksnes, Even Vestavik og mange fleire viktige medhjelparar som bidreg til at festivalen kan sjå dagens lys. I tillegg er lokalsamfunnet på Haramsøya og Skuløya/Flemsøya heilt eineståande når det gjeld å vere behjelpeleg med det aller meste! Det er kjekt å arrangere med så mange gode hjelparar! :) 
Denne gjengen brenn for å skape eit triveleg og levande lokalmiljø, og me vil veldig gjerne gi litt tilbake til lokalsamfunnet som har behandla oss så godt. I våre auge blir det best betalt tilbake i god stemning på ein musikkfestival på Haramsøya og Skuløya/Flemsøya! 
Me gler oss til fortsettelsen!
HAVGAPROCK