PEER GYNT
PEER GYNT er klar for Havgaprock! Havgaprock kan stolt presentere PEER GYNT til årets festival! Med ein fandenivolsk råskap og eit fyrverkeri av eit sceneshow, har den norske artisten Peer Gynt saman med The Peer Gynt Band, trollbunde publikum og presse i store delar av verda med si scenesjarm og sitt gnistrande gitarspel. Med ei unik blanding av hardtslåande bluesrock og ein porsjon norske folketonar, har Peer Gynt plassert det Norske musikk-kartet i ein internasjonal posisjon. I ei imponerende karriere som har strekt seg over 20 år, har Peer Gynt utgitt plater for mange kjende plateselskap, deriblant tyske Ruf Records, Sony Music og Universal/MBN m.fl, og turnert internasjonalt med storheiter som Walter Trout, Ana Popovic, Ten Years After, Manfred Mann for å nemne nokon! Peer Gynt er framleis einaste norske gitarist som er sponsa av gitarfabrikanten Fender og strengeprodusenten LaBella Strings, begge i USA. Peer Gynt er igjen høgaktuell med ny CD, nye videoar og nytt show. ”Viking Blues” er tittelen på det nye albumet, produsert av Andy Johns (Led Zeppelin, Free, Ten Years After, Van Halen) og Michael Scott (Glenn Hughes, Van Halen, Chris Isaak), og det seiast at det er det beste albumet fra Peer Gynt så langt. Bortsett frå turnering i inn/utland har Peer Gynt vore opptatt med å produsere musikk til flere internasjonale fimar og TV-serier som bl.a. ”RED” med bl.a. Morgan Freeman, Bruce Willis og John Malkovich, -”MTV-Jackass”, ”MTV-Punked”,”C.S.I.” og ”60 minutes” for å nevne nokon. The PEER GYNT Band består av følgande: Peer Gynt: Gitar & Vokal Ingar Frelsøy: Trommer Lars Hyldmo: Hammond B3 & Piano Erik Svendsgård: Bass. Me i Havgaprock gler oss til eit forrykande show!

 

PEER GYNT Havgaprock 30. Juni 
Peer Gynt Ingar Frelsøy Lars Hyldmo Erik Svendsgård