PIKEKYSZ
PIKEKYSZ til Havgaprock! Me kan no presentere eit nytt band til Havgaprock! Pikekysz er klar for årets festival! Pikekysz er ein god gjeng som kjem frå den vakre bygda Ørsta. Gjengen starta først som eit coverband i 2015, men gjekk raskt over til å skrive sin eigen musikk. Pikekysz spelar ein leiken og melodisk pop-rock som kjem til å bli veldig populært blant havgap-publikumet! Bandet var finalistar i musikkprisen i 2016 og dei har imponert iss i Havgaprock med gode liveopptredenar i 2017. Bandet har nettopp vore i studio saman med sin nye gitarist, Jarl Ringstad Krohn, og snart kjem dei med ny singel! Me gler oss veldig til å høyre Pikekysz sin leikne og fengande musikk, og med storhavet som kulissar til musikken, kjem dette til å bli ein rå opplevelse!

 

PIKEKYSZ Havgaprock 30. Juni Mariann Humberset Henrik Blichfeldt Mathias Blichfeldt Nils Dragnes Jarl Ringstad Krohn Thomas Vinjevoll